Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Øyremerke på sau/storfe

Av Jan Eide

sauemerke2
Underteikna er pålagt av leiaren i sankelaget å gå ut med informasjon om øyremerking av sau og storfe. Vi skal legge det ut på websida og i Tavla. Dette for at folk som går i terrenget og finn dyr og gjerne vil gje tilbakemelding til eigarane, kan finne den rette.
Derfor: til alle dykk som slepp dyr på beite, send ei melding om Namn på eigar, merke i øyra (farge etc), tlf nr som ein kan ringe til.
Dyreeigar som vil ha dette spreidd sender eit brev eller e-post til Jan Eide. Trykk på overskrifta for å få e-postadressa. Meir om merking HER

Gå til nyhendearkiv