Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Orientering om framdrifta i lysprosjektet

Av Wenche Stadheim

Gatelys3
Kort orientering om lysprosjektet.

Arbeidet startar opp om kort tid. Fyrst skal SFE merke opp kvar stolpane skal plasserast
Så skal nye/gamle stolper reisast, sikring av veien og nye stolper opp til Gillesdal. Til slutt montering av armatur der halvparten alt er kjøpt og ligg lagra i krinsen. Vi vonar monteringsarbeidet blir ferdig utover hausten.
For at plassering av lyspunkt skal bli mest mogeleg rettferdig, blir dei som har vore med å betale inn på kronerulling og dugnadsarbeid fyrst prioriterte.
Dette pga. store kostnader til eit stort prosjekt..........

Vi oppfordrar alle dei som ikkje er med og støttar prosjektet økonomisk om å stille opp på dugnad. Det hadde vore fint om dei som er blitt utfordra om å ta ”pinnen” og sende den vidare. Vi treng både pengar, og folk til å grave og reise opp nye stolpar. Veit det er mange dyktige i Kjølsdalen som kan dette med å reise stolpar. Sjekk på Tavla eller på Web-sida om du er blitt utfordra – der finn du og kto.nr. som er 37901493260
Dette skal vi få til i fellesskap.

Takk til dykk alle som har støtta prosjektet så langt.

Om det er nokre spørsmål kan eg treffast på mob. 41332156

Mvh
Wenche Stadheim

Gå til nyhendearkiv