Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Fotballkampar Bygdedagane

Av RoarB

BYGDEDAGANE KJØLSDALEN
FOTBALLKAMPAR OG MOSJONS/MOTBAKKELØP DUA OPP

Her finn du all informasjon om du vil vere med på Idrettslaget sine arrangement under Bygdedagane

KJØLSDALEN IDRETTSLAG VIL I FORBINDELSE MED BYGDEDAGANE VERE MED Å ARRANGERE FOTBALLKAMPAR OG MOSJONS-/MOTBAKKELØP.

FOTBALLKAMPAR
I samband med Bygdedagane, skal det vere fotball kamp på skuleplassen
Laurdag 31 juli frå kl 1600. KIL har tenkt å lage til 2 kampar. Ein for born
under 15 år og ein for dei over 15 år. Laga vert delt opp i høve til kor ein bur i
bygda, lag 1 (innanfor elva i Kjølsdalen til Lund) og lag 2 (utanfor elva i
Kjølsdalen til Lefdal) Kampane er tenkt å gå over 2x10 min for ungane og
2x20 minutt for dei vaksne.

For å få til dette, treng vi interesserte av begge kjønn til å delta. Det er
ingen krav til fotball kunnskapar for å kunne delta, dette skal vere leik og
moro (spesielt i den vaksne delen av kampen)

Er du interessert, ta kontakt med Roar på 57863104 eller e-mail
roarb@kino.no
Du kan og skrive deg på liste på Joker Kjølsdalen
Påmelding innan 16 juli!!

MOSJON-/MOTBAKKELØP "DUA RETT OPP"
I samband med Bygdedagane, skal det vere mosjons-/motbakkeløp frå Navestøylen
til Dua på Søndag 1 august frå kl.11.00. KIL har tenkt å lage til 2 klassar
mosjons- og konkurranseklasse.
Mosjonsklassen er for alle og med start mellom kl. 11.00 til kl.11.45 alt
etter kor tid du vil starte, påmelding ved oppmøte.
Konkurranseklassen er for dei som vil konkurrere og med start kl. 12.00,
påmelding innan fredag 30 juli. Det vert delt inn i damer/herrar og
aldersgrupper 15-20år, 20-30år, 30-50år og over 50 år.
Det vert delt ut premiar til alle som deltek. I tillegg vert det premie til
den som har beste tid av damene og den som har beste tid av herrane, samt at
det vert trekt ut tre deltakarpremiar blant alle som deltek.
Det vert ein startkontigent for mosjonsklassen på kr.50,- pr.person for dei
over 15 år eller kr.100,- for familie og for konkurranseklassen kr.100,-
pr.person.
Det er ikkje så gode parkerings muligheiter rundt om på Navestøylen så vi reknar med å nytte muligheitane som er på Holstøylen og i Holstøylsberget. Vi vil ha personar som skal prøve å organisere parkeringa på ein best mulig måte, men vi vil likevel be folket om å komme tidlegg slik at enn har god tid til parkering før start.
Alle som har vore på Dua veit at turen på ca 2,5 km opp frå Navestøylen 330 m.o.h og opp til Dua 786 m.o.h i lag med den fantastiske panoramautsikta enn har på Dua er noko av det vakraste vi har i Midtre Nordfjord. Det i lag med god mosjon bør vere gode grunnar for å delta på mosjons-/motbakkeløpet ”Dua rett opp” som byrjar frå kl.11.00, Duestemne som byrjar kl.13.00 og fjellmessa v/Kristin Stensrød som byrjar kl.14.00.

For påmelding i konkurranseklassen så send namn, adresse, alder og mobilnummer på e-mail til ove@eidelektro.no eller SMS til 91139572 innan fredag 30 juli.

KIL håpar på stor interesse for mosjons-/motbakkeløpet og alt som skal skje på Bygdedagane. Program for Bygdedagane finn Du i Tavla for juli og heimesida til Kjølsdalen Krins.


Med helsing Kjølsdalen Idrettslag.

Gå til nyhendearkiv