Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

MOSJON- OG MOTBAKKE-LØPET ”DUA RETT OPP” 2010.


Kjølsdalen Idrettslag arrangerte ”Mosjons- og motbakkeløpet ”Dua rett opp” i forbindelse med Bygdedagane i Kjølsdalen og i lag med det årlige Due stemnet. Vi må seie at dette vart ein stor suksess med heile 64 deltakarar, her av 20 som konkurrerte på tid. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar og spørsmål om det vert arrangert neste år. Idrettslaget vil vurder å lage dette til eit årleg arrangement i lag med Due stemnet fyrste søndagen i august kvart år.
Løypa var på ca 2,5 km med start på Navestøylen 330 moh via Due-skaret og til Dua 786 moh. Løypa gjekk i lett kuppert terreng og passa både for mosjon og konkurranse. I tillegg til god mosjon fekk alle som deltok ei naturoppleving og panoramautsikt på Dua.
Stemninga var svært god både før start og på toppen. I tillegg var værgudane greie som let oss ha opphaldsvær under løpet seier arrangørleiar Ove Kjøllesdal.
(Meir om motbakkeløpet ved å klikke på overskrifta)

Alle som deltok fekk medalje, i tilegg fekk vinnar av dameklassen Sigrun Gilleshammer og vinnar herreklassen Arve Rindal premiar og det vart delt ut tre premiar som vart trekt ut blant alle deltakarar. Vinnarane av dei var Thomas Sundal, Elise Lefdal og Anders Bakkebø
Kjølsdalen Idrettslag vil takke alle som deltok for å få til arrangementet og alle deltakarane som gjorde at løpet vart ein suksess.

Resultatliste ligg ute under bileta av vinnarane.



















RESULTAT FOR DEI I KONKURRANSEN:
Damer 15-20år.
44:48,36 Årdal Hege

Damer 20-30år.
42:11,08 Sundal Marianne
51:42,88 Sundal Karoline

Damer 30-50år.
34:56,48 Gilleshammer Sigrun
39:02,32 Humborstad Audhild
56:22,28 Leite Sissel

Herrar 15-20år.
26:43,36 Gilleshammer Martin Leite
30:05,76 Gilleshammer Magnus Leite

Herrar 20-30år.
22:39,40 Rindal Arve
36:32,32 Nyborg Frank

Herrar 30-50år.
26:58,96 Bakkebø Anders
30:37,08 Lefdal Ståle
36:29,60 Pettersen Kåre
38:01,76 Årdal Bjørn

Herrar over 50.
27:47,24 Berstad Dag
32:51,20 Gilleshammer Per Gunnar
33:25,60 Gilleshammer Magne
36:02,56 Bruvoll Ståle
36:15,64 Hjelle Olav M
58:29,52 Sætre Jan Kåre


Gå til nyhendearkiv