Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sesongstart med ny dirigent

Kjølsdalen musikklag startar ein spenande sesong med første øving tysdag 17. august kl 20.00-22.00 i Kjølsdalen samfunnshus. Kjetil Høidal frå Florø er ny dirigent, og vi gler oss til å spele saman med fleire nye musikantar.

Har du lyst til å spele i musikklaget? Klikk her for å lese om akkurat det i Fjordabladet.

Kontakt leiar Terese Balsnes om du vil vere med! Tlf 971 49 249, e-post terese.balsnes@gmail.com. Hjarteleg velkomen!

Kjetil Høidal skal dirigere oss fram til jul. Han får ansvaret for mellom anna Nordvestmeisterskapen 13. november, julegallakonsert 5. desember og julekonsert 19. desember. Etter nyttår kjem Michael Pavelich tilbake som dirigent.

Fleire unge, nye musikantar har meldt si interesse for å spele i Kjølsdalen musikklag. Nokre "gamle travarar" kjem også tilbake. Vi gler oss til å samlast for første gong komande tysdag.

Allereie 28. og 29. august har vi første seminar. Det skjer i heimbyen til den nye dirigenten. I Florø skal vi bli ekstra godt kjende både musikalsk og sosialt.

Det første speleoppdraget denne sesongen skjer på Eidamessa 18. eller 19. september.

Heimesida til Kjølsdalen musikklag







Kjølsdalen musikklag v/leiar Thomas Hals, Erviksæter, 6776 Kjølsdalen. thomasprh@gmail.com - 924 41 035

Gå til nyhendearkiv