Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Nytt frå sankelaget

Kjølsdalen krins beite og sankelag.
Hausten/vinteren nærmar seg, og det er tid for heimsanking av dyr frå utmarksbeite. Sankelaget har i år som i fjor sanking av småfe den 25/9 og 2/10 dersom været tillet det. Er det nokon som har lyst på ein trim-tur desse dagane, ynskjer laget dei hjarteleg velkomne.

NYTT : Sanke/skiljekvia som det er søkt midlar til er godkjent.Fylkesmannen vurderer tiltaket til å vere godt, målretta og positivt for beitebruken i området. Vi får 27300.- i invisteringsmidlar.
Sankehytta ved Langevatn © Jan Eide

Sankehytta. Det har hittil i år ikkje vore utført dugnadsarbeid på hytta. Den står halvferdig beisa, elles litt småarbeid att. Saniteten har gjeve madrass og eit fint pledd. Stor takk for det. Dørene er opne på hytta, så ta dykk ein tur innom, skriv i hytteboka og slapp av i solveggen. Tilgjenge for alle. Helsing Kjell Leite (leiar)

Gå til nyhendearkiv