Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Ballbinge dugnad

Av RoarB

Ballbinge dugnaden er i full gang på skuleplassen

Dugnadsgjengen © Ove

Den siste tida har det vore stor aktivitet på skuleplassen, sidan Idrettslaget har starta med den store jobben med ballbingen som skal kome. Laurdag 4 september stilte det ein god gjeng for å forskale fundament til muren som skal gå rundt ballbingen. I forkant av dette, har det blitt planert og greve ut der som muren skal gå. Det var ei flott blanding av ungdom og lett vaksne karar som var på skuleplassen på laurdag kl 9, og stemninga var veldig god. Arbeidet gjekk fint og i løpet av laurdagen var forskaling klar. Arbeidet var avløyst av ei mat og kaffipause kl 12, der Ove stilte som grillmester, før vi fortsatte utover dagen. Vidare framover skal det leggjast armering i forskaling, muren skal støypast og området innanfor muren skal gravast ut og fyllast med dertil eigna fyllstoff.

Det er ein stor jobb vi har teke på oss, så vi treng dugnadsfolk framover og. Men dersom oppmøtet vert like godt som laurdag er det ikkje noko problem. Føler du for å vere med på dugnad for ballbingen, er det berre å ta kontakt med Arne Jon Sundal på telefon 97102692 og melde di interesse. Under ligg nokre bileter frå laurdagen



Matøkt © Ove

Forskaling © Ove

Matøkt2 © Ove

Gå til nyhendearkiv