Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Påminning

Av Jan Eide

Logo KKUL
Dagane går og årsmøtet nærmar seg. I fjor vart det endring i regelverket for årsmøtet etter turbulensen året før. Skal du kunne vere stemmefør på årsmøtet må du betale medlemskontingent i dette året 2010. KKUL har gjort mykje for bygda. Tunge saker som få andre ikkje har hatt mogelegheit til. I 1998 gjorde vi ei stor oppgåve ved å kartleggje ulike ressursar for krinsen . Gå inn på kkul.no og les kva som kom fram då.
Det er eit paradoks at ikkje fleire støttar lysprosjektet - ei av dei største sakene vi har arbeidd med. Samfunnet er blitt vanskelegare - alle skal ha profitt - og alle skal vere småsjefar - og kven skal då få sakene i gjennom? Ei lita hjelp kan vere å bli -medlem i KKUL. Stor medlemsmasse gjev kraft. I dag er det 45 enkeltpersonar og 6 lag som er medlem. Laga er: Kveldulf skyttarlag, Kjølsdalen sanitet, Haus Grendahus, Kjølsdalen Skyttarlag, Kjølsdalen Krins Sanke og beitelag, Kjølsdalen Bygdekvinnelag. Medlemskontoen er framleis: 3790.10.78166
Og lyskontoen er: 3790 14 93260

Gå til nyhendearkiv