Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå siste styremøte i KKUL

Av Jan Eide/ Helga Odden Reksnes

Logo KKUL
Referat

Til stade: Jan Eide, Wenche Stadheim, Øystein Leite, Sigrun Gilleshammer, Cato Albrigtsen (til kl. 2000), Helga Odden Reksnes (ref)

1. Websida
Eide orienterte. Med utgangspunkt i netthistorikken betaler laget no for drift på to serverar. Den gamle sida (www.kkul.no) ligg på ein og den nye (www.kjolsdalenkrins.no) på ein annen. Det er ynskjeleg å samle alt på ein server

Vedtak
KKUL nettinformasjon samlast på ein servar. Eide utgreier og vel den beste og billigaste løysinga.

2. Ballbingen – tilskot.
Søknad frå Idrettslaget v/Hans Petter Gilleshammer om tilskot til Ballbingen. Utviklingslaget ynskjer å støtte tiltaket. Det er positivt at Ballbingen er kome.

Vedtak
KKUL løyvar kr. 10.000 til ballbingen. Utviklingslaget oppfordrar alle medlemmer i Idrettslaget om å melde seg inn i laget. Dei to laga har gjensidig nytte av kvarandre.

Les meir ved å trykke på overskrifta

3. Prosjekt ”Gatebelysning”
Stadheim orienterte om status. Prosjektet er i sluttfasen. Mykje av det formelle er på plass. Det er søkt om nye kr. 200.000,.- frå Gjensidigefondet. Kronerulling i bygda. Det blir utarbeida et totalt kostnadsoverslag i veke 43.

Vedtak
Utgreiinga blir teken til orientering.


4. Bygdeprisen 2010
Eide orienterte. Utviklingslaget bør etterlyse forslag til kandidatar. Kåring og utdeling bør skje på nyåret gjerne, kopla mot ein lysfest når alle lyspunkta er installert.

Vedtak
Kandidatar til Bygdeprisen 2010 etterlysast i novembernummeret av Tavla.

5. Butikken vår – oppgjer av lån
Eide orienterte. Utviklingslaget har fått melding om at resterande lånebeløp vil bli innfridd så snart som råd.

Vedtak
Utgreiinga blir teken til orientering.


6. Næringsutviklingsmøte på Nordfjordeid
Eide orienterte. Eid kommune har invitert bedrifter og andre interessentar til eit møte om framtidig næringsutvikling i Eid. KKUL bør være representert.

Vedtak
Eide og Leite deltar for KKUL. Eide informerer om møte på nettstaden og oppmoder andre i bygda om også å delta.

7. Kommuneplan for grunnskolen i Eid.
Eide orienterte. KKUL har motteke Kommunedelplan for grunnskolen i Eid til høyring. Det er viktig å engasjere seg tidleg i planprosessen og skape engasjement i bygda.

Vedtak
KKUL tar initiativ til et folkemøte. Inviterar aktuelle byråkratar og krinsens folkevalde.

8. Kommunedelplan for helse og omsorgstenester.
Eide orienterte. KKUL har motteke Kommunedelplan for helse og omsorstenester i Eid til høyring. Det er viktig å engasjere seg tidleg i planprosessen og skape engasjement i bygda.

Vedtak
KKUL tar initiativ til et folkemøte. Inviterar aktuelle byråkratar og krinsens folkevalde.

9. Eventuelt
a. Årsmøte 2009, sak 6.
Eide orienterte. Styret må velje ny tredjeperson til valnemnda.

Vedtak
Eide sender medlemsliste til styret som vurderer aktuelle kandidatar. Saks tas opp på neste møte.

b. Informasjon om KKUL.
Styret drøfta ulike tiltak for å styrke kjennskapen til utvikingslaget. KKUL skal jobbe for alle i Kjølsdalen krins og vil gjerne ha dialog med bygdefolket om framtidige prosjekt. Kanskje bør ein gjere ei ny spørjeundersøking etter modell av den som blei gjennomførd i 1998.

Vedtak
Det utarbeidast eit innstikk til Tavla med informasjon om KKUL si verksemd. Same informasjon publiserast på nettstaden. Ulike dialogtiltak skal vurderast nærare. Saka blir teken opp igjen på neste møte.

Gå til nyhendearkiv