Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Ballbinge general Olav Kjos Wenjum og leiar i Sogn og Fjordane fotball krets Jon Georg Rutledal åpna i kveld Ballbingen Kjølsdalen skule.Fleire bilder og eit kort referat ved å trykke på denne linken.

 © Stig Høynes

Ballbinge general Olav Kjos Wenjum og leiar i Sogn og Fjordane fotball krets Jon Georg Rutledal åpna i kveld Ballbingen Kjølsdalen skule.

Harald Sivertsen og Jostein Huneide sende helsing og overleverte baller frå Eid kommune.

Roar Bakke frå Kjølsdalen idrettslag takka Eid kommune og fotballkretsen og andre som har gjort dette mulig for godt samarbeid.

Jostein Årskog frå foreldre gruppa takka og for eit kjempeflott og viktig tiltak for å auke trivsel både for elevar og i krinsen.

Ingvild Hestenes frå Sparebanken Sogn og Fjordane helsa frå Banken og snakka om kor viktig det er med eldsjeler og pådrivarar, sjølv med kr 35000 frå dei er det viktigaste dugnadsånd og engasjement ute i krinsane.

Ole-Reinhart Bugjerde frå Eid kommune/Kjølsdalen skule takka Fotballkretsen og spesielt Olav Kjos Wenjum, idrettslaget,
Sparebanken Sogn og Fjordane, andre lag og privat personar som har vore med å fått til Ballbingen. Han takke og Nordfjord vegservice for godt samarbeid med grunnarbeidet. Ole Reinhart Bugjerde delte ut blomar til Nordfjord vegservice, Fotballkretsen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Idrettslaget og 4H. Olav Kjos Wenjum fekk med seg heim eit bilde av ballbingen.

Elevar ved Kjølsdalen skule urframførte sjølv laga song om ballbingen og Geir og Helga framførte ballbinge fanfare.

Etter diverse aktivitetar inne i bingen vart det servert Pølse m/brød og brus.

For inviterte gjester med presse vart det servert karbonade smørbrød. Pressa såg anledning til interjuv både med entrepenørar og elevar, blir spennande å sjå kva som kjem i lokalavisene over helga.

www.haugenfotball.no har alt lagt ut mange bilde bilder og informasjon om åpninga.
Nordfjord Nærradio kjem og med reportasje over helga så det er berre å følgje.
 © Stig Høynes © Stig Høynes © Stig Høynes © Stig Høynes © Stig Høynes © Stig Høynes

Gå til nyhendearkiv