Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Til topps på Nordvestmeisterskapen

Med 92 poeng plasserte Kjølsdalen musikklag seg øverst på resultatlista i brassklassa på Nordvestmeisterskapen for amatørkorps i helga.

Nordvestmeisterskapen 2010

Det andre korpset i brassklassen, Florø hornmusikk, fekk 90 poeng.

Dommarane Arvid Anthun og Stian Svendsen hadde mykje positivt å seie både om val av program, gjennomføringa og om korpset generelt. At vi har mange fine klanglege kvalitetar og at det "osar av god energi" er kjekke tilbakemeldingar å få!

Programmet vårt bestod av:
- March prelude
- Ved Nesland kyrkje
- The sheperd`s song
- Born free

I janitsjarklassa gjorde Stryn musikklag det svært godt og fekk med seg heim fleire prisar, mellom anna for beste solist ved Jan Nygård. Dei vart også kåra til nordvestmeister med beste poengsum totalt, 94 poeng.

Nordvestmeisterskapen vart arrangert i Trivselshagen på Sandane, med Gloppen janitsjar som teknisk arrangør. Til saman var 11 korps frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med.

Gå til nyhendearkiv