Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Planprogram for Helse og skulesektoren i Eid kommune

Av Jan Eide

Logo Eidkom
På siste styremøte i KKUL hadde vi oppe desse to sakene. De finn planane på linkane under. Leiar i KKUL har vore i kontakt med adm i Eid kommune ved Harald Sivertsen om at KKUL vil prøve å få til eit folkemøte. Godkjenning av begge planprogramma skal opp i formannskapet 2 des. Det vil sei at om ein vil kome med merknad, må ein gjere dette innan 1 des. Kommunestyret skal handsame sakene 16. des. Når ein les om den økonomiske stoda i Eid med drastiske kutt innan skulesektoren - er det klårt at dette blir ei viktig sak, ikkje minst for Kjølsdalen.
Derfor oppmodar eg dei som er interesserte i desse to viktige sakene om å lese framlegga og kome med innspel.
Etter jul blir det folkemøte med byråkratar og politikarar til stades. Det er no vi kan ha medverknad - seinare er det nok for seint.
PLANPROGRAM FOR HELSE
PLANPROGRAM FOR GRUNNSKULEN

Gå til nyhendearkiv