Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

4H STYREKURS I KJØLSDALEN.

Omlag 50 ungdomar frå Nordfjord og Sunnfjord var samla til opplæring i styreverv i Kjølsdalen denne helga.





Deltakararne på styrekurs samla til fellesbilde på laurdagen.

Det har vore to hektiske dagar når omlag 50 ungdomar frå Nordfjord og Sunnfjord var samla denne helga. Alle er medlemar iav klubbstyre rundt om i fylket , og var i Kjølsdalen for å lære meir om korleis ein skal leie ein ungdomsklubb som 4H. Der var tre ulike kurs, for leiarar, sekretærar og kasserarar. I tillegg var det, som alltid når ungdom samlast, mange sosiale aktivitetar, underhaldning, god mat og full fart mest heile tida..





Sogn og Fjordane 4H har eit samarbeid med 4H-organisasjonen i nokre afrikanske land. Kursdeltakarane fekk ein del informasjon om dette og tilbod om å delta på eit kort trommekurs på afrikansk djembe. Til å halde trommekurset hadde ein leigt inn Martin van Gastel frå Hennebygda.





Tilbakemeldingane frå ungdomane, - som riktig nok var litt trøytte då dei skulle reise heim, var svært gode. Dei synest at styrekurset hadde vore KJEMPEKJEKKT!!!

Gå til nyhendearkiv