Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjølsdalen musikklag har fått ny logo

Av Helga Didrikke Sundal

Kjølsdalen musikklag har aldri hatt ein offisiell logo, men no er den på plass!

Logo KML Laget har samarbeidd med Harald Rongevær utanfor Bergen, han står bak den nye logoen. Det har vore lagt ned mange timar arbeid i utforminga - og medlemmene i laget har sjølvsagt vore med på avgjerda.

Den nye logoen er utradisjonell og unik - noko som passar Kjølsdalen musikklag bra. "Tanken var å lage eit merke som var sprelsk og uhøgtidleg, slik eg oppfattar at korpset dykkar er", sa logomakar Harald Rongevær då vi stod att med to logoutkast i finalerunden. Logoen som vann var Rongevær sin favoritt. Den er sjølvsagt laga i ulike variantar til ulikt bruk:




Logo KML pos

Logo KML svart

Gå til nyhendearkiv