Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

"AFRIKAKVELD" I 4H!

Trekløveret 4H arrangerte ein Afrikakveld for medlemar og inviterte gjester, fredag 3. februar. Ein ville informere litt om korleis 4H arbeider i nokre afrikanske land og det samarbeidet som 4H-organisasjonen i Noreg har med desse. I tillegg kunne ein delta på fleire ulike aktivitetar.

Vi takkar Viviann Midtbø for fine bilete!

Afrikakvelden til Trekløveret 4H starta med informasjon om 4H i dei tre afrikanske landa Gambia, Ganah og Zambia. Det blei så vist lysbilder frå ein utvekslingstur til Zambia i 2004. Der var ganske mang bilder, så etter ei stund delte ein medlemane opp i grupper og aktivitetane starta.


 © Vivian


Trommekurs på afrikanske djembe var ein populær aktivitet. Ein hadde leigt inn Maritn van Gastel som instruktør på denne aktiviteten, og djembene hadde ein fått låne frå 4H-arar over heile fylket!


 © Vivian



 © Vivian


Kirsti hadde ansvaret for gruppa med spikking. Her blei det laga serviettringar, armringar og mykje anna med både "norsk" og "afrikansk" mønster på...


 © Vivian


Volleyball pop i 4H, og i gymsalen var det full kjøyr heile kvelden!


 © Vivian


"Jungelbilde" var ein av aktivitetane. Her er planen å lage eit applikert veggbilete med afrikansk natur og dyreliv som motiv...

 © vivian


 © Vivian


Utan mat og drikke....... Tone hadde ansvar for å lage til flotte fruktfat med både kjent og litt meir eksotiske frukt.
Mango, druer, appelsin, annanas, kiwi, banan og melon, - alt gjekk ned på høg kant.


 © vivian

Gå til nyhendearkiv