Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Bygdekvinnelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

KLEMPESUPA


Kjølsdalen Bygdekvinnelag har planlagt å halde kurs i tradisjonsmat.
Du kan melde deg på til dei kurskveldane du ønkjer å vere med på.
Fyrste kurskveld var onskdag 8. mars, då laga dei Klempesupa.
Astrid Gillehammer var læremeister.

Neste samling er 24 -25 mars, - då skal dei bake flatbrød og lefser.
Påmelding til Heidi Berstad 57863181 / 41513292






KLEMPESUPA

- 3 kg lettsalta lammekjøt
- 2 kg gulrot
- 4 kg poteter
- 700 gr byggmjøl (2/3)
- 500 gr kveitemjøl (1/3)
- 2 ts salt
- 3 l mjølk
- 15 – 20 l

Tid ca. 2 timar

Vatn ut kjøtet over natta.





Skjær kjøtet i små bitar og kok det i vatn ca. ½ time.
Smak til at suppekrafta er passeleg salt.





Skrell og del gulrøtene i terningar eller stavar.





Skrell og mal potetene.
Ha i mjøl og salt til laus deig.
Lag små runde klemper med skei og legg dei i krafta.
Ha i gulrot og kok dei saman med klempene ca. ½ time.

Kok opp mjølka og ha den i suppa.

Server rykande varm!







Gå til nyhendearkiv