Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Gratulerer til skulemusikken!

Gratulerer til skulemusikken!

Av Helga Didrikke Sundal

Vi gratulerer Kjølsdalen skulemusikk med flott 3. plass i 3. divisjon brass på Sogn og Fjordane meisterskapen for skulekorps i Førde!

Skulemusikken fekk heile 91 poeng, ein flott poengsum. Jon Vegar Sole Sundal kom på ein fin 3. plass i solist klasse 2 med 90 poeng. Annbjørg Elvebakke tok 4. plass med 89 poeng i solist klasse 1.

Vi gratulerer alle musikantane, støtteapparatet og dirigent Tryggve Dyrvik med flott innsats!

Tryggve Dyrvik gjekk heilt til topps med Nordfjordeid skulekorps i janitsjarklassen - gratulerer!

Alle skulekorpsa i Eid deltok på fylkesmeisterskapen. Hjelle skulemusikk kom på 4. plass i 3. divisjon brass med 90 poeng, 1 poeng bak Kjølsdalen skulemusikk. Stårheim/Haugen skulekorps stilte i vurderingsklassen der dei ikkje får poengsummar eller plassering, men kommentarar frå dommarane. "Vår eiga" Eldri Rimmereid dirigerer Stårheim/Haugen. Ho er også dirigent for Bryggja skulekorps som kom på 6. plass med 86 poeng i 3. divisjon brass.

Vi gratulerer alle med imponerande innsats!

Full resultatliste her




Gå til nyhendearkiv