Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Opa generalprøve

Tysdag 14. november kl 21.00 inviterer vi til opa generalprøve / konsert / øving i Kjølsdalen samfunnshus.

Kjølsdalen musikklag spelar gjennom programmet vi skal ha på Sogn og Fjordane meisterskapen på Sandane 18. november. Vi inviterer publikum til å oververe generalprøve / øving før fylkesmeisterskapen.

Dette blir ein veldig uformell og annleis "konsert" der dirigent Arvid Anthun jobbar med korpset. Publikum kan difor oppleve at han stoppar korpset, jobbar med detaljar, gjev kommentarar og så vidare. Poenget er å spele gjennom programmet for publikum, men også å finpusse dei siste detaljane. Ein heilt annleis konsert enn vanleg, med andre ord.

Vi ønskjer alle velkomne til Kjølsdalen samfunnshus tysdag 14. november kl 21.00!

"Konserten" er gratis, men du kan gje eit økonomisk bidrag ved utgangen om du ønskjer det.

Programmet vi skal spele på fylkesmeisterskapen:
Tema: "Celtic Fire" (keltisk musikk)

Men of Harlech (Trad, arr. Gardon Langford)
Danny Boy (Trad, arr. Alan Fernie) Solist: Eldri Rimmereid, Eb-tuba
The Maid of the Moor (Goff Richards, arr. Alan Fernie) Solist: Helga Didrikke Sundal, kornett
Reel McCoy Medley (Trad, arr. Adrian Drover)
The Irish Blessing (Joyce Eilers Bacak , arr. Stephen Bradnum)
Celtic Fire (Darrol Barry)

Kjølsdalen musikklag si heimeside

Meir info frå Norges Musikkorps Forbund

Teknisk arrangør Gloppen Janitsjar

Gå til nyhendearkiv