Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Stor auke i kinobesøket 2006

Av Marius Aardal

2006 var eit svært godt år for Bygdekinoen i Kjølsdalen! Det vart halde 31 kinoførestillingar i samfunnshuset med eit samla besøkstal på over 700, noko som er ein auke på over 60 % frå 2005! Det har vore mange gode barnefilmar dette året og mange har teke turen til samfunshuse annankvar onsdag for å få med seg desse! Det har også vore ei positiv utvikling i besøket på vaksenfilmane.

Filmprogrammet for våren ser også ut til å vere bra, og no i byrjinga av året kan ein mellom anna by på siste James Bond filmen, Casino Royal, og eit gjennsyn med filmen Mumitrollene -kometen kommer. 7. februar er det klart for den nyaste filmen om Olsenbanden Jr! Denne kjem til Kjølsdalen berre 5 dagar etter Noregspremieren! Den andre filmen som blir sendt 7. februar er den mykje omtalte filmen BORAT!

Bygdekinoen har førestillingar i Kjølsdalen Samfunnshus annan kvar onsdag. Det blir som regel vist to filmar desse kveldane, ein barnefilm som startar klokka 18.00 og ein vaksen/ungdomsfilm som startar klokka 20.00. Det er Bygdekinoen som står for film, utstyr (lerret, lyd, kinomaskin osv) og bilettsal, medan det er Kjølsdalen Ungdomslag som er er ansvalreg for å stille med lokale, medhjelparar og som betalar eit garantibeløp til Bygdekinoen på kr 550,- for kvar spelekveld. I tillegg har ungdomslaget ein liten kiosk der dei sel diverse "kinosnop".

Gå til nyhendearkiv