Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Hugs skulekorpsseminaret!

Kjølsdalen musikklag har gleda av å invitere til skulekorpsseminar for messingblåsarar og slagverkarar 13. - 15. april. Påmeldingsfrist 22. februar.

Kjølsdalen musikklag si heimeside

Leiarane og dirigentane i skulekorpsa har fått invitasjon til seminaret.

Kjølsdalen musikklag har gleda av å invitere til skulekorpsseminar for messingblåsarar og slagverkarar. Seminaret er for dei eldste i skulekorpset – for musikantar fødde i 1992 og oppover.

Målet med seminaret er å inspirere og motivere dei eldste i skulekorpsa som vi veit set pris på litt ekstra utfordringar. Vi trur dei vil ha stor glede og nytte av å spele saman med andre ungdommar i eit vaksenkorps.

Dato: 13. – 15. april 2007
Dirigent/hovudinstruktør: Arvid Anthun

Vi lagar eit stort brassband sett saman av deltakarane og Kjølsdalen musikklag. Det kan òg bli øving i mindre grupper med instruktørar frå musikklaget. Nøyaktig opplegg, tidsplan og program vert fastsett når vi har oversikt over påmelding og dermed besetning. Meir informasjon kjem!

Seminaret vert avslutta med konsert søndag.

Seminaret kostar 250 kroner per deltakarar inkl. mat. Vi fakturerer korpset.

VELKOMNE!

Meir informasjon? Kontakt Geir Sundal på tlf 975 65 225 eller e-post geir.sundal@tele2.no

Send påmeldinga til helga.didrikke@online.no

PÅMELDINGSFRIST: 22. FEBRUAR

Gå til nyhendearkiv