Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Flott NM-innsats av musikklaget!

Av Marius Aardal


Kjølsdalen Musikklag deltok i helga på NM for brassband og tok ein flott 2. plass!
Musikklaget var dirigert av Arvid Anthun og spelte stykket «Gothic Dances» som er komponert av Alan Fernie.

I tillegg til den flotte plasseringa vart slagverkarane kåra til beste gruppe i divisjonen!

- Vi er strålande fornøgde med plasseringa, seier leiar i musikklager, Geir Sundal.

Musikklaget deltok i fjerde divisjon saman med 13. andre korps.

Frå Sogn og Fjordane deltok i tillegg til Kjølsdalen Musikklag også Jølster Musikklag. Dei deltok for fyrste gang i andre divisjon, og gjekk like greitt heilt til topps og vann sin divisjon!

Ein kan finne meir om NM for Brassband på NMF sine heimesider!

TAVLA gratulerer!

Gå til nyhendearkiv