Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjølsdalen på Hjelle

Av Kjølsdalen musikklag

Søndag held Kjølsdalen musikklag konsert på Hjelle skule. Konserten er avslutninga på ei seminarhelg der unge musikantar frå dei fem skulekorpsa i Eid har vore saman med musikklaget.

13 musikantar i alderen 14 til 18 år frå Hjelle, Nordfjordeid, Haugen, Stårheim og Kjølsdalen deltek i helga på seminar i regi av Kjølsdalen musikklag. Vaksenkorpset lengst vest i Eid kommune har invitert dei eldste skulekorpsmusikantane til øvingshelg.

Inspirere
- Målet med seminaret er å inspirere og motivere dei eldste i skulekorpsa som vi veit set pris på litt ekstra utfordringar. Vi trur dei vil ha stor glede og nytte av å spele saman med andre ungdommar i eit vaksenkorps, seier Geir Sundal, leiar i Kjølsdalen musikklag. Han er godt nøgd med at 13 musikantar har takka ja til invitasjonen. Desse ungdommane er aktive på mange område.

Fengande
Seminaret vert leia av Arvid Anthun, hovuddirigent for kjølsdalingane denne sesongen. Skulekorpsmusikantane skal spele saman med medlemmene i vaksenkorpset i helga. I tillegg til øving i felleskorps, blir det nokre timar med gruppeøving laurdag. Gruppeleiarane i musikklaget står for instruksjonen.
Anthun har valt ut eit variert og fengande repertoar til øvinga og konserten. Originalskrive brassbandmusikk er lagt vekk for ei stund, no står lettare, publikumsvenleg musikk på programmet.

Konsertstad
Sjølve seminaret blir arrangert i Kjølsdalen samfunnshus, på «heimebana» til vaksenkorpset. Men søndag flyttar alle seg til Hjelle skule der øvinga blir avslutta med konsert.
- Vi har valt Hjelle som konsertstad fordi vi ønskjer å vise oss fram i fleire delar av kommunen. Kjølsdalen musikklag rekrutterer frå heile Eid og vel så det, difor er det naturleg å spele konsertar i eit større område, seier Sundal.

Logo KML

Heimesida til Kjølsdalen musikklag

Gå til nyhendearkiv