Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Handballsesongen 2006/07 er over

Handballsesongen er over for denne gong. Gutar 14 måtte ta igjen to kampar som vart utsett mot Årdal, og dei spelte sine siste kampar søndag 15. april i Eid Idrettshus. Med dei kampane er ei epoke i Kjølsdalen handballgruppe over. Slik det ser ut no, blir det lenge til der blir reine gute- og jentelag i frå Kjølsdalen i serien.

Kirsti og eg legg opp som trenarar og vil takke foreldre og spelarar for ei minnerik tid, "smekkfull" med positive opplevingar. Det er så mange fine og reale ungdomar både i idretshallane og bygdene våre, med både glimt i auga og fulle av galgen humor. Sjølv om det til tider har vore travelt og eit ork å reise kvar helg vinterstid, har vi no vore priviligert som har fått følge ungdomane på nært hold.

Kjølsdalen Handballgruppe har fått nytt styre, og vi ønskjer Tanja, Vigdis og Turid lykke til, og veit at de har foreldre i ryggen og som stiller opp når de treng det!

Kirsti Sole Sundal og Marianne Solibakke

Gå til nyhendearkiv