Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Handballsesongen 07/08

Av Hanballgruppa i Kjølsdalen IL, Tanja Hatten

Handballgruppa hadde i vår ei kartlegging av interessa for handballspeling frå haustsesongen.Resultatet av kartlegginga finn du her.

Dei som er fødde i -95 og -96
Det er dessverre ikkje nok spelarar til å stille eige lag i 11-/12-årsklassa frå Kjølsdalen komande sesong. Dei som kunne tenke seg å spele handball sjølv om det ikkje vert lag her i Kjølsdalen, er hjarteleg velkomne til å vere med på Haugen sitt G11- eller J11-lag. Desse laga har i dag spelarar frå både Haugen og Stårheim og trenar på Stårheim ein gong i veka. Spesielt gutelaget treng fleire spelarar, og dei som spelar der er dei same som de spelar fotball i lag med (Haugen IL) i sommarsesongen. Underteikna er hjelpsam med å videreformidle namn om nokon kan tenke seg dette.

Dei som er fødde i -97
Handballkrinsen vil denne sesongen prøve å få til eigen serie for 10-årslag. Vi har dessverre ikkje nok spelarar til å danne eige lag i denne klassa, så dei av dykk som vil spele handball må enten vere med på minihandball her i Kjølsdalen eller på G11 eller J11 til Haugen IL.

Dei som er fødde i -98 og -99
Her er ikkje fristen for å melde på lag før utpå hausten ein gong. Vi vil starte opp med treningar i løpet av september, og vi håpar der blir nok spelarar til å melde på eit lag frå Kjølsdalen på minihandballturneringane også til vinteren. Treningsstart vil bli annonsert med oppslag på skulen/butikken.

Gå til nyhendearkiv