Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

17. mai i Kjølsdalen


17. mai komiteen har lagt opp til tradisjonell feiring av 17. mai i Kjølsdalen, programmet for dagen finn du her.

Program

Kl 09.00
Medlemmar frå Kjølsdalen musikklag og Kjølsdalen skulemusikk spelar rundt i bygdene; Lefdal, Midthjell, Haus, Ervik, Lund, Årdal, Byggjefeltet og ”Vegenden”

Kl 13.00
Familiegudsteneste i Kjølsdalen Kyrkje v/ prost Rolf Schanke Eikum. Elevar frå Kjølsdalen Skule deltek og Kjølsdalen Skulemusikk spelar.

Kl 14.00
Folketog frå Kjølsdalen Kyrkje, toget stoppar ved Kirsebærhagen.

Kl 15.00
Feiringa held fram i og ved Kjølsdalen Skule, der det vert mat og kaffi inne (kr 50,- pr person), sal av grillmat og kioskvarer ute og leikar for små og store. Vindfylla Spelemannslag , Kjølsdalen Skulemusikk og Kjølsdalen musikklag spelar.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til ei triveleg feiring!

17. mai komiteen 2007

Gå til nyhendearkiv