Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sankehytte ved Langevatnet

Beite og sankelaget har fått bygd ei sankehytte som skal setjast opp ved Langevatnet i løpet av dei komande vekene.

Hyttene er bygde i seksjonar av elevar ved Måløy vidaregåande skule, og skal fraktast opp til Langevatnet med helikopter. Dette vil truleg skje i løpet av veke 22. Elevar frå MVS vil stå for montering av hyttene, dette vert truleg gjort 7. eller 8. juni.

Når hytta er ferdig skal den kunne nyttast av alle som går i fjellet!



Gå til nyhendearkiv