Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Slik var info i Tavla 2005

Av Jan Eide

Plan for sankehytter

”GJETARHYTTER”

Av Bygdeavisa TAVLA
På årsmøte til Kjølsdalen Beite og Sankelag vart det foreslått å setje opp to gjetarhytter.

I mange beiteområde er det av ulike årsaker behov for ei eller fleire hytter av ulik storleik. Laget hadde tenkt på gjetarhytter med køyplass til 4 personar og ei grunnflate på 15 kvadratmeter (2600x5600). Dette er hytter som er godkjent av fylkesmannen og kan byggjast heime og fraktast på plass med helikopter. Beite og Sankelaget vil stå for arbeidet. Når hyttene er komne på plass, kan desse eventuelt nyttast av andre lag og organisasjonar etter avtale. Når det gjeld plassering er det i skrivande stund ikkje tatt endeleg standpunkt til dette, men det er tenkt ei hytte på Ljådalsfjellet og ei ved Levatnet vest for Dua. Kvar hytte har ein kostnad på ca. 50 000 pluss helikopterfrakt. Når det gjel framdriftsplan vil vi bruke Tavla til å orientere krinsen om tiltaket, og gjev alle høve til å kome med merknadar. Frå 2005 er det kommunane som delar ut midlar til ”Spesielle miljøtiltak i landbruket” (SMIL), her kan beitelaget søke om midlar. Fristen for dette er i år 15. april, så vi ønskjer raske tilbakemeldingar. Vi nyttar og høvet til å minne om at beitelaget er ope for produsentar med storfe og/eller småfe som har dyr på utmarksbeite i minst 8 veker.

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag

Gå til nyhendearkiv