Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Brev til Eid kommune - arealplanen

Av Jan Eide

Handsama på styremøte 04.06.2007

Kjølsdalen Krins Utviklingslag
6776 Kjølsdalen
Leiar: Jan Eide, tlf. priv. : 57 86 32 61
Mob: 913 53 295
e-post priv: jaei@online.no
Bankkonto: 3790.10.78166
Org.nummer: 979 582 110

Kjølsdalen 04.06.2007



Til
Eid kommune.

Alle politiske lag som er med i
Kommunestyret i Eid.





Div. saker som er handsama på styremøtet i KKUL 04.06.2007.
Kommentar til kommuneplanen for Eid 2006-2016



1. Sætrane i Kjølsdalen Krins. Vi ber om at alle sætrane i krinsen som er plasserte i i klasse V blir flytta til klasse F. Alle setrane er nedlagde med omsyn til mjølkeproduksjon. Dei blir no nytta til fòrsanking, rekreasjon etc. Skal ein greie å ta vare på og utvikle miljøet må ein bli plassert under F.
2. Bygdevegen i Kjølsdalen. Vegen er i ein slik dårleg stand at vi har problem med å kome fram med køyrety. Transport av tyngre gods kan vere farleg og ulovleg slik tilhøva er i dag. Vi manglar også snuplassar for slik transport. Vi ber om at vi snarast blir tekne inn i budsjetthandsaminga for Eid kommune der ein set på kartet ny eller opprusting av bygdeveg i Kjølsdalen.
3. Reguleringsplan for Kjølsdals-stranda. Tidlegare var denne med i planen for Eid kommune. Vi etterlyser arbeidet og framdrift og ber om at ein på nytt set arbeidet i gang igjen.
4. Næringsareal. Vi saknar område for næring i Kjølsdalen krins og ber om å få kome med innspel etterkvart.
5. Breidband i Lefdal og på Midthjell. Vi ber om at ein set fortgang i å få desse to bygdene på nettet slik at dei har same mogelegheitene som andre i å utvikle seg.
6. Hyttefelt i fjellet. KKUL vil etterkvart ta opp spørsmålet om å legge ut areal for bygging av hytter i fjellet og ber Eid kommune ta omsyn til dette når vi kjem med forslag om plassering.
7. Utnytting av vassressursane i elvane i krinsen. Med truleg aukande energikostnadar vil KKUL arbeide for moglegheiter å nytte elvane for utbygging av småkraftverk. Dette vil føre til optimisme og inntekter for oss som bur her. Vi ber om forståing for at denne prosessen blir sett i gang og at det blir teke omsyn til dette arbeidet i åra framover til 2016.
8. Skytefelt K05 i Ervikdalen. Grunneigarane ynskjer å ta dette området bort frå planen. Ved oppskyting til jaktprøve etc. nyttar ein bane på Almenningsfjellet eller på Tua.
9. Stasjon for uttak av vatn i tilfelle brann. Dette har KKUL teke opp tidlegare, men fått lite respons på. Ved brannen på Bugjerde i Kjølsdalen såg ein at trongen for vatn er der når ulukka skjer.



Vonar på positiv handsaming.

Mvh
……………..
Jan Eide
leiar Kjølsdalen Krins Utviklingslag

Gå til nyhendearkiv