Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Siste hivet til sankehytta ved Langevatnet er oppkomen

Av Jan Eide


Helikopter tek opp siste hivet © Jan Eide
Mandag vart siste løftet teke opp til Langevatnet. I morgon 7/6 skal modulane setjast saman av elevar frå Måløy vg. skule. Biletet er teke på Dalesetra på Per Gunnar Gilleshammer sin eigedom. I bakgrunnen Ljådalsfjella. Det blir fleire bilete etterkvart så føl med. Ta deg gjerne ein tur opp og sjå korleis det utviklar seg. Snart er isen på Langevatnet borte og mogelegheitene for fisking opnar seg. Dette bør også vere ein fin tur for dei som vil gå opp frå Stårheim. Frå Kjølsdal går ein opp til Navestøylen (høgre veg) går over brua ved hytta til Ståle Bruvoll og føl stien opp til den raude hytta på Rindane (Humborstadhytta), føl stien opp to tre små høgde til du kjem til ein kvass liten stein som står opp. Der bryt du av til høgre og held høgda inn mot Langevatnet - god tur.

Gå til nyhendearkiv