Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Dugnad til Fjells

Sankehytta må gjerast ferdig

Av Jan Eide

Hytta er tett og må gjerast ferdig.


Dugnadsgjeng før sankehytta kom opp © Jan Eide


Det har blitt ein del nytt frå Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag (KKBS) i det siste. No treng vi meir menneskelege ressursar. I sommar må vi få til hytta slik ho skal vere.
1. Torvtak må på plass
2. Barduneringa må gjerast ferdig
3. Panel på veggane må spikrast
4. Sengar og inventar som ovn, skap må setjast opp
5. Golv må pussast og lakkast.
Som de skjønar alle saman er det flust opp å gjere. Dersom du kunne tenkje deg å vere med på litt av dette ta kontakt med Kjell Leite eller Kåre Årdal for nærare info. Elles vil vi bruke denne websida som informasjonskjelde. Lag har sagt dei vil støtte oss økonomisk - gjer det. Laget har vel 20 medlemar, men alle som vil kan nytte hytta. Derfor kan alle ta eit tak. Det er sosialt kontaktskapande og i tillegg kjem ein i form. De blir ikkje frakta opp med helikopter.

Gå til nyhendearkiv