Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

4H-TUR TIL GHANA




Denne glade gjengen skal representere 4H Sogn og Fjordane på årets studietur til Ghana 4H.
Frå venstre Hanne Raad Larsen , Snønipa 4H Byrkjelo, Marius Aardal, Trekløveret 4H Kjølsdalen /fylkesleiar, reiseleiar Vigdis Heimdal, Freidig 4H Stårheim, Ingvild Vereide Nave, Hei og Hå 4H Bryggja.


25. juli set dei seg på flyet til Accra og har 14 dagar med spennande opplevingar framfor seg.
Dei skal besøke 4H-klubbar i Koforidua og delta på seminar om organisasjonsutvikling og mikrokreditt. 4H klubbane å Bryggja, Kjølsdalen og Stårheim har hatt uttlodding og på den måten samla inn 10 000 kroner som skal gje grunnlag for eit mikrokreditt-fond for 4H-klubbane i Ghana. Saman skal 4Harar frå Ghana og Noreg legg til for dette. Litt sightseeing blir det vel også tid til.
4H - miljøet i Sogn og Fjordane har sidan 2002 hatt eit vennskaps- samarbeid med 4H i Ghana og dette er fjerde samarbeidsprosjektet der vi treffest og utvekslar erfaringar om 4H- arbeidet.
Vi ser fram til å høyre om reisa og forventar oppvisning i Afrikansk dans til hausten!
God Tur !

Gå til nyhendearkiv