Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sankehytta har fått torvtak

I ausande regnver fekk kjølsdølene til det utrulege

Av Jan Eide

Regn og store nedbørsmengder hindra ikkje at Sankehytta fekk på seg torvkruna.

Det vart tillyst dugnad ved Langevatnet den 28/7 om veret var godt nok. Dagen kom med regn og store nedbørsmengder. Kven kunne tenkje på arbeid med jord og torv i slikt eit veSankehytta ved Langevatn © Jan Eider? Elvane voks opp og det rann vatn overalt. Likevel dugnadsgjengen i Kjølsdalen på 12 utplukka personar klatra til fjells med material, spade og eit fandenivolsk gå-på humør. Her skulle ikkje regngudane øydeleggje planane. Ein spada, bar, snikra stativ, la plast, heiv på torv og gav ikkje opp. I god tid før kaffitid var arbeidet gjort. No kan alle ta turen til hytta og inspisere arbeidet.

Så fekk vi endeleg bilete av hytta med torvtak. Siste Kjølsdalsskjerpaen ang. material HP Gilleshammer er oppe . Truleg har han hatt hjelp. Sankelaget er nøgd med innsatsen.
Torvkruna er komen på © Tor - Helge Gilleshammer

Helsetilstanden i Eid vil bli betre etter dette. Mange Kjølsdølingar aukar velvære denne helga ved å ha prøvd seg på Fanaråken. No får dei prøve seg på hytta ved Langevatnet.

Gå til nyhendearkiv