Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Barsokstemne



Barsokstemnet til Kjølsdalen Ungdomslag blei eit svært vellukka arrangement. Her finn du nokre biletglimt frå tilstellinga.


Kjølsdalen Ungdomslag ønskte å ta oppatt tradisjonen med Barsokstemne, og sjølv om vêret gjorde at ein måtte flytte arrangementet frå danseflake til Samfunnshuset må det seiast at det vart eit svært vellukka arrangement. Ungdomslaget fekk med seg Bygdekvinnelaget til å koke klubb, - sidan dette er ein svært viktig del av Barsokfeiringa. Då dørene opna i tretida var det ikkje lenge før bygdefolket strøymde på og 300 klubbar blei faktisk i minste laget!

I tillegg til servering av god mat med høve til ein prat med andre bygdafolk, blei det også arrangert ein natursti for dei yngst og utlodding av ein sovepose.




To jenter går natursti inne...

Vinnar av naturstien blei trekt blant dei som deltok: Silje Sundal fekk ein fotball og Olav Berstad en Gottepose. Vinnar av soveposen var lodd nr 408 – Dianne Eikås.

Kjølsdalen Ungdomslag takkar Bygdekvinnelaget for hjelp med koking av maten – og bygdafolket for at dei støttar opp om arrangementet!

Gå til nyhendearkiv