Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Frå Taiwan til Nordfjord med 4H!


Fredag hadde Trekløveret 4H besøk av Yu-Chun Lin, som er i Noreg på IFYE utvekslingsprogram denne sommaren. Ho fortalde og viste bilete frå 4H-aktivitetane i heimlandet hennar, Taiwan.

Yu-Chun har vore 4H-medlem i heimlandet sitt i mange år. Denne sommaren blei ho teken ut til å delta i 4H sitt ungdomsutvekslingsprogram IFYE, International 4H Youth Exchange. Gjennom dette programmet kan ungdomar med 4H-bakgrunn reise ut i verda på utveksling, bu i vertsfamiliar i eit anna land og på denne måten lære meir om kultur og 4H-arbeid i dette landet.

Yu-Chun bur no hos ei vertsfamilie på Bryggja og vil vere der i to veker. Ho er allereie blitt fasinert av vestlandsvêret som skiftar frå regn til sol og tilbake til ausregn på kort tid! I tida ho skal vere på Bryggja reknar ho med å besøke 4H-arrangement, delta i dagleglivet på ein vestlandsgard og lære meir om landet.


Yu-Chun saman med nokre av medlemane frå Trekløvere 4H.

Gå til nyhendearkiv