Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Dugnad på sankehytta fyrstkomande laurdag og søndag

Vi prøver å få ferdig sankehytta og vonar på hjelp
Dugnadsgjeng før sankehytta kom opp © Jan Eide

Biletet er teke før hytta kom opp - ein plass må ein starte på

Sankehytta: Vi satsar på å gjere hytta ferdig, derfor dugnad 8 og 9 sept. Vonar flest mogeleg kan stille opp. Arbeid som står att: Lage til bord og benkar, litt listing, beising av veggar, nedvasking + lakking av golv. Utvendig: kassekledning + kle inngangsparti. Eit lite parti med torv over inngangsdør, maling av glaskarmar. Nokre har meldt at dei gjerne vil vere med å utstyre hytta - det kjem vi attende til

Torvkruna er komen på © Tor - Helge Gilleshammer
Her ser de ein av dei som har vore med å frakte material opp. På taket av hytta ser de kva som manglar av torv.

 © jan Eide
Byting av værar. Nokre har kanskje lurt på å skifte vær denne vinteren. Kanskje kan byte vere tingen. Meld av til Kjell Leite så kanskje det går i orden.
Styret

Gå til nyhendearkiv