Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kommuneplanen for Eid kommune 2007-2018

Vedteke 16.08.2007 i kommunestyret

Skryt til adm i Eid kommune frå leiaren i KKUL.
Kart 2007-2018 kommuneplan
Arbeidet med kommuneplanen kan de vere stolte over. No er det opp til oss å bruke den.

Ofte er det kritikk Eid kommune får frå oss i utkantane i kommunen. Her om dagen dukka det opp ein heller stor konvolutt i postkassa mi frå Eid kommune. Brevet inneheldt Arealdelen - utsnitt av plankart. ROS-grovanalyse for nye planlagde tiltak og ny arealbruk.
Strandsonevurdering. - med fine bilete til attkjenning..
Kjerneområde for landbruk.
Fine hefte som det er lett å finne fram i.
Framifrå arbeid slik eg ser det. Er ikkje synspunkta våre komne med, har det vore vår eigen feil. I Kjølsdalen er det Bondelaget ved Bjørn Årdal og KKUL ved underteikna som har fått papira m. kart. Om nokon er interessert i å lese dei kan de ta kontakt med oss to eller vende seg til kommunen.
Bra arbeid!.
mvh. Jan Eide leiar KKUL.

Gå til nyhendearkiv