Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kommuneplan for energi og miljø

Kommunen ber om innspel

Av Jan Eide

Minikraftverk, biobrensel og andre energiformer...
minikraftverk © internett

09.11.2007 har Eid kommune sendt ut skriv til skulane i Eid + utviklingslaga i kommunen og ber om innspel til planarbeid. Arbeidet har fått tilsegn om støtte frå Enova. Stikkord: energi, miljø og klima. Eg ber om at alle i krinsen tenkjer gjennom mogelegheitene i vår krins og gjev tilbakemelding til KKUL, så skal vi formulere eit skriv og ynskje til kommunen. Dersom regjeringspartia kunne kome til fornuft ang. skatt på kraftverk, kunne det vere ei viss opning for slike tiltak i elvane våre. Det er rart at ein skal satse på rein energi og så set regjeringa kjeppar i hjula for dette. At Staten på denne måten også driv sentraliseringspolitikk ved å dra kapital frå distrikta til Statskassa er ei anna sak.
Eid kommune har lagt ut denne linken:Innspel til plan Frist 10. des

Gå til nyhendearkiv