Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Høyringsfrist for energi og miljøplan Eid kommune

Frist 10 des 2007

Av Jan Eide

Turbinen til kraftverket til Kåre åRDAL © Jan Eide
Leiaren i KKUL, Jan Eide, var i går torsdag 6.12 i møte med Gerd Fløde og Torfinn Myklebust på kommunehuset. Det var eit positivt møte og KKUL vil bidra med sine synspunkt på dette med energi. Tidlegare har det på denne websida lege ute informasjon om temaet og linkar til vedtak i Eid kommune. Eg ber no om at dei ulike krinsane - om dei har forslag til eventuellle mogelegheiter til utbygging av micro- minikraftverk i sine elvar om å kome med dei. Då vil alt bli enklare i framtida.
Legg bort eventuelle stridigheter naboar mellom og tenk positivt. Sender de det til KKUL innan 9.12 kan KKUL formidle det vidare - eller de kan sende dykkar tips direkte til kommunen om de vil det.

Kraftverket til Kåre Årdal tikkar og går. Kvar einaste time går 50 kW ut på nettet. Generatoren er plassert i ei lita hytte som ikkje skjemmer terrenget. Røra med 110m fallhøgde er nedgrevne og skjemmer ikkje naturen. Dette er prosjekt som sparer CO2 utslepp og det er rein energi som kan attvinnast på ny. Anlegget er så lite at det ikkje kjem inn under dei nye skattereglane som det er mykje strid om. Tåpeleg av ei raudgrøn regjering å gå fram på denne måten.

Gå til nyhendearkiv