Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Skulemusikk - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Konsert

Av Ole Reinhart Bugjerde

Skulemusikk-konsert ved Kirsbærhagen og Joker Kjølsdalen

Laurdag 1.desember strøymde kjende og kjære juletonar ut i den dunkle laurdagsettermiddagen, og varma dei bortimot hundre tilhøyrarane som hadde samla seg i den litt kjølige desemberlufta. Varma gjorde og gløggen og kaffien som Kjølsdalen sanitetsforeining serverte dei som stakk innom Kirsebærhagen. Der vanka det også julebrød og kake. Alt var gratis. Joker Kjølsdalen spanderte kakene. Julegrana ved Kirsebærhagen vart tend då konserten tok til. Med minnet fylt av tonar frå ein fin konsert av flinke og nisseluekledde skulemusikkantar og ein alltid engasjert medspelar og korpsdirigent Tryggve Dyrvik, kunne vi som var der gå fornøgde kvar til oss og våre gjeremål i førjulstida.

Juletonar ved Kirsebærhagen © Kåre Gilleshammer
Juletonar ved Kirsebærhagen
Kåre Gilleshammer

Gå til nyhendearkiv