Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Gladmelding til alle tipparar i krinsen

Joker får tipping

Av Jan Eide

Nokre har lurt på kva det er blitt av tippinga på butikken. Det har vi og gjort, men saka er enkel. Jan Johansen må på kurs fyrst . Så om vi ikkje tek feil på nytt skal det bli høve til å levere inn kupongar den 24 feb. Vi kjem attende med nytt når datoen nærmar seg.
Tippekupong © Internett

For butikken er dette eit stort pluss. For oss "spelegalne" er det ei gladhistorie. Staten (politikarane) med sin politikk har heile tida dreve og framleis driv med sin dobbeltmoral. - ein skal hjelpe utkantane, men samstundes skal signalet til Norsk tipping vere at ein skal tene mest mogeleg med pengar. Eg sjølv har arbeidd med denne saka då eg sat i styret for nærbutikken vår - og kjenner realitetane. Ein skulda på mangel av terminalar, hadde så og så mange lisensar etc... Det er i alle fall bra at krinsen no kan ha nok ei von om å overleve. Alle bekkar små...

Skal vi overleve som samfunn er det viktig at vi som bur her dreg i lag og nyttar dei mogelegheiter vi har. Jan Johansen gjer ein framifrå jobb med sin Jokerbutikk. Vis at vi set pris på han ved å nytte butikken - noko som fleire og fleire ser ut for å gjere.

Gå til nyhendearkiv