Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Veglys i Kjølsdalen Krins

KKUL arbeider for at alle bygdene skal bli likestilte

Av Jan Eide

Det er vinter og mørkt. For nokon er det eit problem å ta seg fram langs bygdevegane. For lettare å kome seg til og frå og samstundes ha den gode kjensla som lys gjev, har KKUL teke på seg å koordinere arbeidet med fleire veglys i krinsen.
veglys © Internett

Arbeidet er starta opp. Det gjeld no å finne ut kor mange punkt ein treng. Det finnst alt ein del punkt i krinsen. Vi har tidlegare fått trafikktryggingsmidlar til enkeltpunkt på Reksnes/Kjølsdalen og Haus. No ynskjer vi å supplere og få det slik ein meiner det skal vere. Arbeidet er i gang. I KJølsdalen vonar vi at Bygdekvinnelaget tek denne jobben. I Ervik/Haus, Reksnes er det medlemar av KKUL og styremedlemar som tek dette arbeidet. I fyrste omgang, når det gjeld kalkyle, har vi rekna med 40 pkt. Kvart pkt. er kalkulert til 8000 - 10000.- og då er ein oppe i ca 360000-.
Mykje pengar og mykje arbeid, men om ein tenkjer etter, er det overkommeleg. Kan ein med dette tiltaket hindre ei alvorleg ulukke og i staden skape trivsel - så er summen heller liten.
Interessa for prosjektet er heldigvis stor.

Nokre lurer på kor kommunen står i dette arbeidet. Dei fleste veit kva som blir sagt om den kommunale økonomi og kor vanskeleg det er å få til ting i krinsane. Derfor blir kommunen orientert her på same måte som dykk som les dette. Før arbeidet startar fysisk, skal sjølvsagt alt vere avklart med kommunen. Får vi opp lyspunkta, reknar vi det som naturleg at driftsutgiftene blir dekka av kommunen på line med sentrum og andre bygder som alt har lys. Dette til orientering. Politikarar og andre kan fylgje med på denne websida framover for informasjon og framdrift.

Gå til nyhendearkiv