Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

KKUL ber om ny skilting på Reksnes og i Kjølsdalen

Feil på skilt

KKUL sender brev til Statens Vegvesen om ny skilting på Reksnes.
Vegvesenet © Internett

KKUL.

Leiar: Jan Eide, tlf. priv.: 57 86 32 61
Mob: 91353295
e-post priv: jaei@online.no
Internet: http://kjolsdalenkrins.no
Bankkonto: 3790.10.78166
Org.nummer: 979 582 110

Kjølsdalen 13.01.2008

Statens vegvesen, Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

Sak: Skilting i Kjølsdalen Krins.


16.12.2007 hadde KKUL styremøte der denne saka vart teken opp.


”Sak 7. Skilting langs riksvegen. Leiaren i KKUL vender seg til vegvesenet om at det blir sett opp skilt med Reksnes på og at ein endrar skiltet med avkøyringa til Tømmerstøl som er endepunktet på vegen. I Kjølsdalen bør skiltet til Eikås få rett kilometeropplysning”



Vi vonar Vegvesenet kan setje opp skilt med Reksnes på. På mange kart står Reksnes oppført. Denne delen av Kjølsdalen bør få sitt eige skilt.

På Reksnes er det ei avkøyrsle til Årdal/Tømmerstøl. Tømmerstøl er endepunktet på denne vegen og lengst vekke frå riksvegen. Eg har snakka med Kåre Årdal om endring av skilt, noko han ikkje hadde noko imot. Vi vonar vegvesenet kan bytte ut dette skiltet som står der med eit nytt med Tømmerstøl på helst med rett km-avstand på.

Det er ikkje tilfelle i Kjølsdalen der det står feil km-avstand på skiltet til Eikås. Vi vil gjerne få dette retta opp med rette tal på.

Vonar på snarleg løysing.




Mvh


……………………..
Jan Eide leiar KKUL.

Gå til nyhendearkiv