Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Nytt og nyttig om sau og geit

Møte på kommunehuset

Av Jan Eide

Lam
Trine Alme som er tilsett i Eid kommune med ansvar for landbruket hadde kalla inn til møte med landbruksorganisasjonane, bygdekvinnelag og utviklingslaga i kommunen. Vi ynskjer ho til lukke med arbeidet framover - Eid kommune treng denne drahjelpa i ei tid då bygdene og landbruket slit. Men optimismen er likevel til stades. Det var eit positivt møte som lovar godt.
Kristen Hundeide frå Frivillegsentralen var og med og orienterte om dei ulike web-portalane vi har. Han lova eit nytt møte om denne saka snarast. På møtet kom det fram at geit i kommunen ikkje var eit fy-dyr, men lovleg å sleppe på beite. Geita er ein svært effektiv beite- og kratt ryddar.
Dei som har sau veit at Coopersect, eit stoff som ein strør på ryggen til sauen, er effektiv mot flått. Mattilsynet har på vitjing på mitt bruk anbefalt meir bruk av Coopersect når dei står inne. Dette kan motvirke mot midd og lus slik at ikkje sauene misser ulla når det nermar seg lambetid (april) Jan Eide.
MEIR OM SAU OG GEIT

De er kome ei ny bok om praktisk sauehald. Eg kjem attende seinare i veka med omtale av den.

Skal etterkvart også finne fram ein del linkar til stoff om sau og geit. På møtet på Nordfjordeid i går vart det teke opp problematikken om gjerdehald. Vi får prøve å få med oss Trine og dei andre laga i Eid i eit arbeid for å løyse dette problemet - føl med!

Gå til nyhendearkiv