Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kommunen neglisjerar fårleg vegstykke i Kjølsdalen

Foreldre reagerer

Av Jan Eide

Ein vegstubb i Kjølsdalen mellom Kjell Heggheim og John Kjøllesdal manglar rekkverk. Foreldre har vendt seg til KKUL om hjelp til å få fortgang i saka. I mange år har dette vegstykket stått utan rekkverk. Det er heller ikkje lys i området. Ein del av bøndene som no går på HMS-kurs (Helse miljø og sikkerhet) reagerer på at dei skal sikre alle mogeleg fallgruber, medan Kommunen ikkje oppfyller sine plikter. Vegen her er ofte glatt og smal når det er snø. Det er sett ut ei strøkasse med sand fordi ein veit at dette er eit vanskeleg område på glatta. Vi vil ikkje at nokon skal kome til skade og sender brev til den ansvarlege: Kommunen.
Vegvegutanrekkverk

Gå til nyhendearkiv