Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Opplysning om Leirskule

Leirskuleopphald
Litt fakta om leirskule.
Eg har hatt ei telefonrunde i "systemet" og set att med fylgjande informasjon:

Eid kommune "stel " pengar frå elevane. Eid kommune får overført i innbyggjartilskot på ca kr 2000.- per elev av 1/10 av elevmassen i kommunen dvs ca 2000.- x 90 = 180000.- Desse pengane er ikkje øyremerka.

Når elevar har vore på leirskule skal kommunen fylle ut skjema som blir sendt fylkesmannen og leirskulen får støtte etter fast pris - dette er øyremerka.

Eg vonar foreldre ikkje godtek vedtaket i oppvekst og kulturutvalet, og at dei engasjerer seg. Forskning har vist at noko av det mest positive for elevar som er ferdig med grunnskulen har vore leirskuleopphaldet.

Etter mitt syn bør politikarane gjere om vedtaket - det er svært lite gjennomtenkt og lite framtidsretta. Skal ein få ei positiv utvikling i Eid, bør ein satse på ungdomen. Eg forstår at dei er frustrerte.
mvh
Jan Eide
Leirskoleforeninga

Gå til nyhendearkiv