Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding for Kjølsdalen Ungdomslag

Kjølsdalen Ungdomslag hadde årsmøte 27. januar. Årsmedlinga for 2007 er lagt ut her, slik at dei som ikkje var på møtet får sjå kva aktivitet laget hadde i 2007.

Lyd/video anlegg I “Gamlekjellaren”
I år har vi gått i lag med Trekløveret 4H om å kjøpe inn eit lyd/video anlegg til “gamle” kjellaren i Kjølsdalen Samfunnshus. Dette er eit anlegg med gode høgtalarar, dvd spelar og video kanon. Utstyret er tiltenkt bruk i kjellaren for dei lag eller privat personar som vil nytte seg av det!

Duestemne
Med god hjelp frå bygdefolket blei Duestemnet arrangert etter god gammal tradisjon søndag 5. august.

Barsokstemne
Barsokstemnet til Kjølsdalen Ungdomslag blei eit svært vellukka arrangement.

Flakedans
I år vart det arrangert ein flakedans, denne blei arrangert laurdag 18. August. Etter planen skulle den vere på flaken, men grunna usikkert ver vart den arrangert innandørs i samfunnshuset. Dansen gjekk roleg føre seg til god musikk, men gav ikkje den heilt store inntekta. Vi takkar alle som stilte som vakter, og elles dei som hjelpte til under arrangementet!

Bygdekinoen
Også i år har ungdomslaget stått for kino drifta i bygda. Vi har i år hatt framsyningar annan kvar onsdag, med mange gode filmar. Det har vore litt dalande besøkstal, men KUL meiner at kinoen er viktig for bygda og håpar på meir besøk det komande året. Vi vil takke kinovaktene og kinomaskinist for eit godt samarbeid!

Tavla
Ungdomslaget står for utgjevinga av bygde avisa tavla, dette er ei avis som går til alle i krinsen, kommunen og til andre interesserte. Avisa blir delt ut ein gong i månaden og inneheld opplysningar som private og lag/organisasjonar vil publisere. I tillegg inneheld den oversikt over dei komande kino framsyningane. Ungdomslaget vil gjerne få takke for den jobben dei frivillige legg ned i utgjevinga av Tavla!

Ønskjer du å støtte arbeidet vårt med Tavla økonomisk, kan du gjere det til Kjølsdalen Ungdomslag v/Mariann Bugjerde, kontonr 3790 21 11981

Gå til nyhendearkiv