Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjølsdalen musikklag klar til NM

Kjølsdalen musikklag er klar til NM Brass i Bergen komande helg.

Tysdag kveld var siste øving før avreise til Bergen torsdag ettermiddag.

Korpset skal i elden fredag ettermiddag/kveld. Nøyaktig tidspunkt blir avgjort ved trekning fredag klokka 12.

Kjølsdalen musikklag stiller i år som eitt av 15 korps i 3. divisjon. Dirigent er nederlandske Gerard Rooker, som har busett seg på Barmen. Han har brei musikalsk utdanning frå heimlandet, og dirigerer fleire korps i distriktet. Korpset stiller med 28 musikantar frå Kjølsdalen, Haugen, Hjelle, Nordfjordeid, Stårheim, Bryggja og Årdal.

69 deltakande korps og 2200 musikantar frå heile landet møtest i Grieghallen i Bergen. NM går over to dagar og korpsa er delte inn i fem divisjonar. Heile fem korps stiller frå Sogn og Fjordane: Jølster musikklag (1. div.), Kjølsdalen musikklag (3. div.), Torskangerpoll musikklag (4. div.), Florø Hornmusikk (4. div.) og Flora-Bremanger Brassband (4. div).

I noregsmeisterskapen spelar korpsa eit sjølvvalt nummer på inntil 15 minutt. Kjølsdalen musikklag skal framføre «Triptych» komponert av Philip Sparke. Det vart bestilt av det sveitsiske korpsforbundet til den 16. brassbandmeisterskapen i Montreux i 1990. Tittelen viser mellom anna til ei spesiell type middelaldersk, tredelt altertavle – malt eller tresnitt – som kan foldast saman.

Musikkstykket Triptych er då også eit kunststykke i tre samanhengande delar. Første del, ”Pageant”, er fanfareliknande med fleire, litt strenge tema. Andre del, ”Fantasy on one note”, er meir ein salme med tonen F natura som raud tråd. I den delen er der to solistar: Helga Didrikke Sundal og Ole Telvik. Siste del, ”Festival”, er glad og livleg musikk som godt går å nynne med på. Stykket inneheld utfordringar for alle musikantane; både teknisk, når det gjeld kondisjon – og klangmessig.

Kjølsdalen musikklag har delteke i NM fem gonger tidlegare - i 1994, 1997, 1999 og 2006 og 2007. Dei første gongane var ikkje resultata dei heilt store, men i fjor overraska musikantane seg sjølve med å rykke opp ein divisjon. I tillegg fekk slagverkgruppa pris for beste gruppe i 4. divisjon.

Men plasseringar er ikkje motivasjonen for å delta i NM. Korpset brukar konkurransar som eit middel for å bli betre, og NM er ei sterk inspirasjonskjelde. Musikantane legg òg vekt på det sosiale med NM-deltakinga. Det er alltid kjekt å reise på tur i lag, og ved slike høve får medlemmene høyre mange dyktige korps og treffe mange andre som driv med det samme som dei sjølve på fritida.

[link=http://www.kjolsdalenmusikklag.no;t

=new]Kjølsdalen musikklag si heimeside

Gå til nyhendearkiv