Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Grundertapas på Nordfjordeid.

Av Anne van Oorschot

Finnst det ein eller fleire grunderar i Kjølsdalen Krins? Då bør de nytte høvet til å vere med på denne samlinga
Smaksoppleving
Gründertapas på Nordfjordeid
Er det ein gründer skjult i deg?
Har du lyst å starte for deg sjølv?
Kanskje du nettopp har stifta ditt eige firma?
Eller er du berre interessert i ei god gründerhistorie?
Nordfjordeid Næringshage og Inkubator Vest vil gjerne ha deg med på Gründertapaskveld:
ein uformell møteplass der du får litt informasjon om mykje forskjelleg som har med
gründervirksomheit å gjere, du får høyre ei spennande gründerhistorie om BesteBakken,
og sjølvsagt skal vi kose oss med tapas!
Dato: Torsdag 28. februar
Tid: Frå kl. 17.30 til cirka 21.30
Stad: Nordfjordeid Næringshage
For kven: For alle som melder seg på
Kostnader: Gratis
Diverse tema
På Gründertapas får du nokre smakebitar av forskjellege tema:
• Innovasjon Norge sine virkemidler
• Meir om Sparebanken Vest sitt Gründerfond
• Nordfjordeid Vidaregående Skule forteller om sin entreprenørskapsarbeid
• Korleis kan Nordfjordeid Næringshage og Inkubator Vest bistå?
• Å vere ein gründer er ikkje noko medfødt, det kan lærast!
• Korleis utvikle ein forretningsidè til ei vekstbedrift?
• Suksesskriteriane og fallgruver
• Gründerpool: kva er det?
Ei god gründerhistorie om BesteBakken
Du får også høve til å høyre på ei gründersuksesshistorie: Lindis Alme, ei inspirerande dame, kjem for
å fortelje om sine erfaringar. Ho har blant anna jobba i 8 år i Norges Forskningsråd før ho starta
BesteBakken i Hafslo i 2001 og har sidan utvikla dette til ’ein eksklusiv, sjelfull stad der opplevingar,
kultur og god mat står i fokus’ (mer info på www.bestebakken.no). Ho fortel om sine erfaringar, både
dei gode og dei dårlege, og kjem med ein del gode tips.
Påmelding
For å kunne organisere arrangementet på ein best muleg måte, ber vi om at du melder deg på,
seinast fredag 22. februar. Det kan gjerast pr e-post til post@nordfjordeid.no eller
pr tlf på 57 86 49 25.
Vi gledar oss!
Mvh
Anne van Oorschot Arild Hjelmeland i samarbeid med:
www.inkubatorvest.no www.nordfjordeid.no
Bestebakken og Lindis Alme

Gå til nyhendearkiv