Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå styremøte i KKUL 13.02.2008

Logo KKUL
I forkant av årsmøtet som skal haldast søndag 17.02.2008 på Bygdekontoret, hadde KKUL styremøte 13/2.
Referat frå styremøtet finn de på denne linken:
Trykk på understreka link på toppen.

Styremøte i KKUL 13.02.2008.
Desse møtte: Jan Eide, Wenche Stadheim, Terje Johnsen, Rønnaug Leite. Kjell Sundal var invitert til å vere med på sak 1.

1. Økonomi. Kjell Sundal er engasjert som kasserar for KKUL. Han får kr 999.- + dekning av utgifter i samband med føringa. Kjell la fram den økonomiske stoda og talet på medlemar som er 61 for 2007. Tre medlemar har betalt for 2008. Kjell seier opp forsikringa i Gjensidige på datamaskiner på bygdekontoret.
2. Veglys. KKUL har fått inn ynskje om lyspunkt for Haus, Ervik, Kjølsdalen, Reksnes. Det er sendt søknad om støtte til prosjektet som er stipulert til kr 360 000.- Vi ventar med vidare arbeid til vi får svar på søknadane vår og kallar då inn til bygdemøte om prosjektet for vidare framdrift. Dei som har utført arbeidet til no har gjort ein god jobb og har halde fristen for tilbakemelding.
3. Container for avfall. KKUL hadde fått inn tilbod frå Retura Nomil v /Per Ove Sørland om utplassering av ein søppelcontainer i krinsen. KKUL seier nei til tilbodet.
4. Websida. www.kjolsdalenkrins.no har auka aktiviteten og tilbakemeldingane er positive. På sida er det fleire lag og organisasjonar som er nemnde på opningssida. Dersom desse ikkje er interessert i å nytte sida ved medlemskap i KKUL, blir dei tekne bort frå websida. Dei som har eiga webside kan sjølvsagt få nytte websida som link til si eiga side ved å betale medlemskontingenten på kr 100.- Det er mange som nyttar websida til KKUL for å sjå kva som skjer i krinsen.
5. Oppbevaring av gamle KKUL-protokollar. Laget tek kontakt med dei som styrer med biblioteket for å diskutere seg fram til ei løysing.
6. Søknad om støtte til skuletur. 7. klasse ved Kjølsdalen skule har sendt søknad til KKUL om støtte til skuletur. KKUL ser positivt på søknaden, men ynskjer at elevane gjer noko for skulen, krinsen og seg sjølve ved å rydde skog og kratt i nærområdet til skulen. Det hadde vore fint om gruppa organiserer og lagar til eit opplegg der foreldre, elevane og andre samarbeider for å halde nærmiljøet fritt for attgroing. KKUL kan ta på seg ansvar for å sikre løyve frå grunneigarar til å utføre arbeidet. Når arbeidet er utført vil pengane bli utbetalt.
7. Saker som skal opp på årsmøtet. Der er ikkje komne inn saker frå medlemane, men ein bør nemne Næringsnettet som i si tid vart skipa gjennom KKUL. Leiar tek kontakt med Kirsten Kjøllesdal for vidare arbeid.

Gå til nyhendearkiv