Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøte i KKUL 17.02.2008

Jan Eide held fram som leiar i KKUL. Med seg i styret har han Sigrun Gilleshammer (vara), Audhild Humborstad, Jan Ole Eikås (vara), Terje Johnsen, Odd Grov (vara), Cato Albrigtsen, Ståle Lefdal (vara), Wenche Stadheim, Reidar Erviksæter (vara)
Logo KKUL
Årsmeldinga finn de ved å trykke på linken over eller gå til - Om oss nederst på sida.

Årsmelding KKUL 2007.



1. Ant. styremøte: 3.
2. Ant. medl. : 61 der 9 er lag/org.
3. Saker som er tekne opp.
4. Økonomi. Situasjonen er bra med ca 150 000 ute på lån og ca 200000.- på kto. Sjå rekneskap som blir lagt fram.
a. Gjengroing. Utspel til Sankelaget og Bondelaget
b. Bygdekontoret. Telefonlina er teken bort. Maskinene kan brukast som før av Kjølsdalen skule og dei som ynskjer å føre rekneskap på PC.
c. Lyspunkt. Dett er vel den største saka i året. Vi har fått inn forslag frå alle delkrinsane og sendt ut søknad om pengestøtte til Trygg traffikk, DnBNOR og Gjensidige som har fond som skal delast ut.
d. Vegen til Årdal/Tømmerstøl. KKUL har saman med grunneigarane hatt synfaring på vegen og vi vonar på løysing no i vår.
e. Bustadfelt. KKUL har skreve brev til kommunen for å halde trykket oppe for nye tomtar i krinsen.
f. Vegstandard i Kjølsdalen. I møte med Torfinn Myklebust og Gerd Fløde Bjørlo er dette blitt poengtert. Noko av det er teke med i langtidsplanen, men det kan løne seg å minne kommunen om kor dårleg vegstandarden er. Sikring av vegstykket mellom Kjell Arne Heggheim og John Kjøllesdal er teke opp i brev til kommunen. Dette gjeld liv og helse. Initiativet kom frå folk som brukar vegen dagleg.
g. Skilting av veg på Reksnes. Sendt til vegvesenet, men fått det i retur då det skal gå om kommune. Det er gjort.
h. Innspel til energi/ miljøplan for Eid kommune er sendt.
i. Opera. Det har kome inn forslag om å yte støtte til kulturbygg/opera på Nordfjordeid. KKUL ser det ikkje som si oppgåve å gjere dette då regelverket seier at pengane skal nyttast lokalt.
j. Søknad om støtte til skuletur frå 7.kl ved Kjølsdalen skule. KKUL har gjeve tilbakemelding til kontaktlærar om at KKUL kan gje ein sum til støtte om klassa organiserer dugnadsarbeid i området rundt skulen til eiga nytte og glede.
k. Web-sida vår. Tilbakemeldingane har kun vore positive. Vi vonar lag og organisasjonar vil nytte denne mogelegheita til å informere krinsen og andre om sitt arbeid. Dette er og ein lekk i å halde oppe interessa for KKUL og det arbeidet vi gjer. Opplysningar om laget og alle styremøte ligg ute på nettet og kan lesast av alle.
l. Utvikling vidare. KKUL har sett i gang ein energimøteserie. Fyrst ute er Rune Nydal som vil ta for seg vasskraft (torsdag 6 mars). Seinare vil vi ta opp varmepumpe der Magne Hjelle har sagt ja til å kome (dato ikkje bestemt)- og deretter bioenergi.

Det er ikkje innkome saker til dette årsmøtet. Men styret vil peike på at i si tid vart det av KKUL skipa til nettverk for dei som driv med næring. Dette bør fylgjast opp og kanskje organisere andre nettverk.

Kjølsdalen 17.02.2008
Jan Eide leiar

Gå til nyhendearkiv